Masse GRATIS greier!
Likar du gaming, manga, e-sport, cosplay, rollespel, anime, spelutvikling, brettspel, design, retrogaming, kortspel og liknande?
Velkomen til Sogn sitt første Con med mange GRATIS føredrag og show, rabatterte kinofilmar, stands, salgsbodar og ulike kurs!
Du treng ikkje billett inn på sjølve kulturhuset eller til "SognaCon" i seg sjølv, men til dei ulike tinga som skjer under SognaCon. Få billettar ved å gå ned til programmet, trykke på det du er interessert i, og så trykke på klokkeslettet på informasjonssida. Du kan også bruke eBillett-appen og søke på Sogndal Kulturhus der.
Dato og tid:
Stad:
Laurdag 1. mars
kl. 10:00 - 22:00.
Sogndal Kulturhus
Vinn overraskelse!
Alle som kjem på SognaCon og registrerer seg er med i trekninga av ei STOR premieøskje med gåver frå alle stands!
Dersom du kler deg ut/cosplay er du med i trekninga av ei ekstra premieøskje!
Vi trekker også 2 x Cola Zero og ein pose godteri til 2 heldige personar på kvart foredrag/show i Storsalen.
Spørsmål? Kontakt pelle@kulturhus.no eller sjekk FAQ
Sjå over programmet for å sjå kva som skjer og om du må ha billett eller ikkje for det du er interessert i. Trykk på dei ulike aktivitetane for å få meir informasjon, då kjem det opp ei ny informasjonsside. På den nye sida kan du trykke på klokkeslettet for å ta ut billettar, dersom det er ein aktivitet som krev billettar.
Du kan også søke opp Sogndal Kulturhus på eBillett-appen.
NB! Du treng ikkje billett for å kome inn på sjølve Kulturhuset.
10:00 - Opning av Kulturhussjefen + +
Gratis, berre møt opp når du vil!
10:00 - 22:00
Stands og salsbodar.
GRATIS, men du må ha billett.
Ein person får ut max 4 billettar.
10:20-10:50: Føredrag: "Kreativitet: Monster, magi og moglegheiter" m/ grafisk designer Vilde Ylvisåker Førre
11:00-11:45: Føredrag: "E-sport og Metizport" m/ Metizport
12:00-13:00: Live podcast m/ "Vertshuset"
13:10-13:45: Føredrag: "Norsk manga" m/ forfattar og illustratør Hiwar Nheli
14:00-1445: Føredrag: Cosplay "Fra pizzaesker til 3D-print" m/ cosplayer Wenke Jortveit
15:00-16:50: Live showspeling m/ "Dragepust"-skaparane.
17:00-1745: Føredrag: "Dataspel-utvikling" m/ Filiokus Game Studio
18:00-18:45: Føredrag: "Jentegamer" m/ PlayStation-ambassadør Kadust Universe
19:00-21:50: Live showspeling m/ Rollespillpodden
22:00 - Dørene stengjer
Billett kun kr 60!
11:00-12:41: Min nabo Totoro (norsk tale, alder: alle)
12:55-15:20: Chihiro og heksene (Spirited Away, orginal tale, alder: 9 år)
15:35-17:47: Weathering with You (orginal tale, alder: 9 år)
18:05-20:25: Solo Leveling -ReAwakening- (orginal tale, engelsk tekst, alder: 15 år)
Vanleg billettpris:
20:40-22:19: Spermageddon (alder: 12 år)
Billett kun kr 60!
10:50-12:56: Your Name. (orginal tale, alder: 6 år)
13:10-14:54: Flow (førpremiere, ingen tale, alder: 6 år)
15:05-17:39: Ringenes herre: Slaget om Rohan (orginal tale, alder: 12 år)
18:00-20:44: Attack on Titan: THE LAST ATTACK (Sogndalspremiere, orginal tale, engelsk tekst, alder: 15 år)
Vanleg billettpris:
21:00-23:19: Captain America: Brave New World (alder: 12 år)
Pris = kr 100,-/149,-
Ein person får ut max 2 billettar.
11:00-12:45: Manga teiknekurs m/ Hiwar Nheli
13:00-14:45: Lorcanakurs m/ Game Ninja
15:00-16:45: Cosplay-kurs m/ Erik Tiller
17:00-18:45: Manga teiknekurs m/ Hiwar Nheli
22:00 - Dørene stengjer
Gratis, berre møt opp når du vil!
10:00 - 14:00
Buttonsverkstad og Pixelart-perling
Gratis, berre møt opp når du vil!
10:00 - 18:00
Ungdomsklubb Gaming Lounge med PlayStation 5, Nintendo Switch etc. Kom og heng!
Gratis, berre møt opp når du vil!
14:00 - 18:00
"Blood on the Clocktower" m/ Spillkultur
I tillegg til andre stands:
10:30-11:00:
3D-printing med ViteMeir
14:00 - 14:30
3D-printing med ViteMeir
GRATIS, men du må ha billett. Rollespel, brettspel, kortspel, miniatyrspel etc.
10:10-12:00: D&D 5E "Den store jakta" m/ Markus
10:10-12:10: "Grimdark Future: Firefight" m/ Stefan
10:10-12:00: "Heat: Pedal to the Metal" m/ Andreas
10:10-12:00: D&D 5E "Inn i den grøne kjeften" m/ Stig
10:30-12:30: "Pokémon TCG kortspel" m/ Warpdust Wargaming
11:00-13:00: "Ticket to ride" m/ Stine & Maria
11:00-13:00: "Kvakksalver" m/ Konstantin
11:00-12:00: "Sabotør" m/ Alvilde
11:30-12:00: "Exploding Kittens" m/ Marie
12:30-14:30: "Grimdark Future: Firefight" m/ Stefan
13:00-18:00: Miniatyrmåling m/ Spillkultur
13:00-15:00: D&D 5E "Den store jakta" m/ Markus
13:00-15:00: "Heat: Pedal to the Metal" m/ Andreas
13:00-15:00: D&D 5E "Inn i den grøne kjeften" m/ Stig
13:00-14:00: "Sabotør" m/ Alvilde
13:00-15:00: "Warhammer AOS Spearhead" m/ Warpdust Wargaming
14:00-16:00: "Ticket to ride" m/ Stine & Maria
14:00-16:00: "Kvakksalver" m/ Konstantin
15:00-17:00: "Grimdark Future: Firefight" m/ Stefan
15:30-17:30: "Warhammer AOS Spearhead" m/ Warpdust Wargaming
16:00-17:00: "Sabotør" m/ Alvilde
17:00-19:00: D&D 5E "Nattskift i Safirgruva" m/ Markus
17:00-19:00: "Heat: Pedal to the Metal" m/ Andreas
17:00-19:00: D&D 5E "Inn i den grøne kjeften" m/ Stig.
17:00-19:00: "Ticket to ride" m/ Stine & Maria
17:00-19:00: "Kvakksalver" m/ Konstantin
17:30-19:30: "Grimdark Future: Firefight" m/ Stefan
18:00-18:45: "Magic Maze" m/ Marie
18:30-20:30: "Warhammer AOS Spearhead" m/ Warpdust Wargaming
22:00 - Dørene stengjer
E-sport organisasjon
Hermann "TheVillageGamer" frå Metizport kjem med gratis føredrag om E-sport og Metizport i Storsalen.
PlayStation Ambassadør
Isabelle er ei av Noregs første og største kvinnelege gaming influencerar med over 50 tusen følgjarar Ho kjem med foredraget "Jentegamer" og blir elles å finne på standen sin.
Manga forfattar og illustratør
Hiwar Nheli har laga mangaserien Mantikorens Kongerike som kjem ut våren 2025. Nheli held foredrag i Storsalen og teiknekurs i Kunstgalleriet.
Norsk rollespel-podcast
Rollespillpodden er ein actual play rollespel-podcast på norsk. Dei gir oss eit live show i Storsalen, med både humor og spenning.
Salsbod
Noregs største faghandel for populærkultur kjem med stand. Outland Forlag er Outland sitt eige forlag, som satsar på både nye titlar og moderne klassikarar, samt ein del kort- brett- og rollespel.
Cosplayer
Wenke Jortveit har lang erfaring som Cosplayer, og lagar alle kostyma sjølv. Jortveit held foredrag i Storsalen og har stand med ulike kostymer.
Nytt norsk rollespel (ttrpg)
Dei tre skaparane Simen, Nicolai og Michael kjem med eit rykande ferskt eventyr og gir oss eit live rollespelshow frå scena.
Cosplayer
Erik Tiller har vore cosplayer sidan 2011, og har brei erfaring med ulike materiale og teknikkar. Tiller held kurs på Kunstgalleriet der du kan kome i gang med ditt eige cosplayprosjekt.
Star Wars kostymeorganisasjon
Norwegian Garrison er ein del av 501st Legion, som er verdas største Star Wars-kostymeorganisasjon. Saman med Rebel Legion så har dei over 20.000 aktive medlemar over heile verda. Dei lagar kostymer som er mest mogleg like orginale i filmane.
Salsbod
Tiko kjem med masse spennande saker og ting til salgs. Stikkord er J-pop, K-pop, Kawaii, anime og design
Salsbod
Dei kjem med bilen stappfull av eit breitt utval av retrospill og anna moro!
Her kan du forvente å finne spel til MANGE konsollar, heilt frå første Nintendo (NES) frå 1980-talet og fram til Xbox 360!
Podcast
Noregs første podcast om rollespel kjem og held eit gratis liveshow i Storsalen.
Outland - Metizport - Outland Forlag - Kadust Universe - AndyNoSoul - TikoCosplay - Wenke Jortveit - Vilde Ylvisåker Førre - LufiKuna - Spillkultur - Sunnhordland Folkehøgskule - Spillforlaget - Filiokus - Game Ninja - Ark - Miniastyr - GG Sogndal - Sogndal E-sport - HVL Læringslab - Miomossiart - Sogndal Mållag - Überpress - Tombs Foundry - Dragepust - Lillamint - Norwegian Garrison - Vertshuset - Rollespillpodden - Hiwar Nheli - Erik Tiller - ViteMeir - Sparebank1 Sogn og Fjordane
SpareBank 1 Sogn og Fjordane støttar SognaCon. Du kan møte dei på SognaCon.
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.
I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.
SognaCon 2025 vert arrangert av Sogndal Kulturhus, Sogndal Bibliotek og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.
SognaCon tek stad laurdag 1. mars, frå klokka 10:00 - 22:00. Alle aktivitetar skjer på Sogndal Kulturhus.
I sentrum:
Best Western Laegreid Hotel (få 20% rabatt under SognaCon om du brukar rabattkoden "sale")
Utanfor sentrum:
Vesterland Feriepark
-Gratis show og foredrag i Storsalen.
-Mange små og store stands og salgsbodar i Vestibylen og Blaoboxen.
-Spesielt utvalde filmar til kun 60 kr billetten i Sal 2 og Sal 3.
-Gratis rollespel-, brettspel-, kortspel- og miniatyrspel-salong på Galleriet.
-Manga-teiknekurs, Cosplaykurs og Lorcanakurs i Kunstgalleriet.
-Gratis buttonverkstad og pixelart-perling på biblioteket.
- Gratis miniatyrmåling på Galleriet.
- Gratis Blood on the Clocktower-speling i klasserommet ved Galleriet.
-Ungdomsklubb Gaming Lounge på bursdagsrommet.
Og meir!
Takka vere støtta frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane er programmet i Storsalen gratis, MEN du må hugse å skaffe deg billett.
Å sjå på stands og salsbodar i Vestibylen/Blaoboxen er gratis.
Filmane i Sal 2 og Sal 3 kostar kun 60 kr billetten.
Spelegalleriet i 2. etg er gratis, men du må hugse å ta ut billett.
Manga-teiknekurset og Cosplaykurset kostar 100 kroner til materiellutgifter. Det du lagar får du med heim.
Lorcana-kurset kostar 149 kr for å dekke spelekorta. Korta har verdi på 299 kr og du får dei med deg heim etterpå.
Miniatyrmåling i 2. etg er gratis.
Blood on the Clocktower er gratis.
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.
Gi gjerne beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!
Du er ein engel! Me treng frivillige. Send ein e-post til pelle@kulturhus.no so ser vi kva vi får til!
Spennande! Send ein e-post til pelle@kulturhus.no og fortel meir!
Copyright © Med einerett, Sogndal Kulturhus.
pelle@kulturhus.no